Gå til innhold

Flygaren

Bruker
  • Innholdsteller

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Flygaren

  1. Jaja Bengal.. Då får du unskylde. Eg gidd ikkje meir. Om folk vil tru at Sogndal er eit oppkok av rasistar, så får det heller berre vere. Så lenge vi veit betre..
  2. Genialt innlegg. Det må eg seie.. Garantert eit oppegåande menneske. Skulle tru folk var LITT meir oppegåande etter ein slik debatt som har gått. Faen så utrulig.. Men eg melder meg herved ut av debatten. Eg er enig i at Arve Beheim Karlsen og Benjamin Hermansen aldri må gløymast. Verken i Sogndal eller i Bærum.. Det at enkelte kjem med sånne innlegg, beviser vel det faktum at kvardagsrasismen ligg og ulmar. Men sånne folk har som regel eit vanskeleg sjeleliv, og treng i grunn medynk framfor fordømming. For det er noko gale med dei. Garantert. Men stigmatiser ikkje eit heilt samfunn fordi det eksisterar sånne utskudd. Det er då reaksjonane kjem. Så skal eg heller bære over med at ein skribent brukar ordrett det eg har skrevet om folk sitt syn på vestlendingar. Av og til følest det slik.. Kom i alle fall ikkje og sei at vi ikkje har sjølvironi. Og lykke til vidare i kampen mot rasisme. Og i kampen om seriesølv.
  3. Men det burde Stabæk Support sin skribent tenkt på før han la ut artikkelen.. :? Og sjølvsagt treng ikkje denne personen vere ein Rinnan. Men takka vere Stabæk Support sin artikkel, så kjem det eit verbalt lyskespark i retur når eg gjer han merksam på at han harselerar med noko som i realiteten bør vere hellig. Denne: "Jeg kunne ha valgt Cockney Rejects - Fascist Society . Men det gjorde jeg da ikke." hadde ikkje kome om ikkje Stabæk hadde lagt ut artikkelen sin. Og dette beviser at pennens makt er skummel og umulig å kontrollere. For eg nektar å tru at heile Noreg går rundt og trur at Sogndal er eit oppkok av rasisme og fremmedfrykt. I alle fall gjorde dei ikkje det..
  4. Og medan du godtar deg over dette påfunnet, så kan eg fortelje deg at dette er innmeldt til moderator hos Kjernen, med beskjed om å slette pga. hentydninga til Arve Beheim Karlsen-saka. Om det ikkje skjer, kan du vere sikker på at medieomtalen rundt Stabæk skal flytte seg ditto mange kilometer nordover.
  5. Jaja, så har vi i det minste fått bevist at enkelte bør ta seg ein bolle før dei skriv noko i eit detbattfora. Jmf. "Stabæææk e noki jævla rasista." Eg håpar dette berre er eit "tulleinnlegg", sidan den som har lagt det inn på ein framifrå måte både skyt seg i leggen, drit i skuffen og trampar i salaten samstundes.. For å seie det mildt, jævla lite imponerande! Skulle nesten tru han/ho kunne fått seg jobb i $$. Men eg er enig i det som er sagt/skrive av ein Gjest, der han påpeikar at dette er negativ publisitet. Det er ikkje alltid sånn at "All PR er god PR". Men dette vil vise seg i tida framover. (Arve Beheim Karlsen var for øvrig indiskfødt.)
  6. Ah.. Du er så flink med klipp og lim, Sindre! Nesten så eg får lyst å applaudere! Nesten..
  7. I kjent stil kjem Alzheimer med eit av sine veloverveide og geniale innspel. Takk gud for at vi har deg til å bringe oss teitingane tilbake til jorda når vi blir for høgtflygande. Og kjære Gjest. Det vil alltid vere ein smarting som tenker meir med ræva enn med hovudet, og dermed får du sånne utspel. Dette gjeld vel ikkje berre for Saftkokarar, sidan det faktisk er ein grunn til at vi har denne diskusjonen no. Eg veit at det ligg ein del "gjennomtenkte" innlegg på VG Diskutér, men sånt er ikkje til å ungå. Men det innlegget du refererar til trur eg ikkje er skrive av ein frå Sogn og Fjordane. For vi held oss gjerne så langt unna bokmål som vi kan. (Sjølv om det blir litt utvatna grunna bokmålsteksting på TV..) Forslaget til EErik trur eg heller ikkje hjelp, sidan eg har til gode å høyre/lese eit einaste innlegg frå ein aktiv StabækSupporter som tek avstand frå det som blir lagt ut. (Med untak av Børsa, då..) Alzheimer, ingen er perfekte. Det er vel ikkje så lenge sidan ein aktiv idrettsmann med sunn og fin brunfarge gjekk ut og sa at det var ok å bli kalla "neger", sidan det var det han var. Japse, Pakkis, Svenskefaen, Degos og Blærumsgutt er òg namn eg personleg tek avstand frå. Men det er heller ikkje dette som er diskutert her. Diskusjonen går på korvidt det er reinhårig å knytte Nyan opp mot det som skjedde i Dalaelvi i 1999. Og eit kvart oppegåande menneske ser at dette ikkje er heldig! Så får diskusjonen om korvidt meir kunne/kan verte gjort i Sogndal heller komme. Men kom ikkje her og fortel meg at den gjengse Bærumsinnbyggjaren veit kva som er gjort i Sogndal etter Arve Beheim Karlsen-saka. For det VEIT eg er pisspreik. Snakk om å kaste ein brannfakkel inn i feil forsamling. Gjer oss alle ei teneste og beklag i staden for å harselere vidare. Det tenar de ikkje noko på.
  8. Sure oppstøt!!?!? Kva i helsike meinar du med det!?
  9. Om du hadde lest og forstått, så hadde du sett at det ikkje var Stabæk eg sikta til. Det er VI som tar avstand frå det som skjedde. Og å bli beskylda for å ha mangel på ironi då, er ganske provoserande og særdeles lettvint argumentasjon.
  10. Seriøst eller spøk.. Det er enkelte ting som er "hellig". Eit rasistisk motivert drap er IKKJE til å spøke med. Basta! Det er ikkje snakk om å vere blotta for ironi. Det er snakk om å ta avstand frå det som skjedde i området ved Dalaelvi. Full skjerpings, Stabæk!
  11. Vel talt, Børsa. Vel talt! Makan til provokasjon har eg ikkje opplevd i Tippeligaen.. Men om Alvarstein hadde slutta å kun beskue sin eigen navle, så hadde han oppdaga at Sogndals "farga" for tida består av Kouaoku, Russel og Nyan. Med andre ord, Nyan er ikkje den første farga spelaren på Haugadn. Om desse spelarane har blitt utsett for rasisme, så er det kun 'Enga som har trykt ut av seg div. kommentarar om "negern" Kouaoku etter kampen på Ullevaal. Og det at Stabæk er ein klubb som berre nyttar seg av juniorar som blir tatt opp i stallen, medan Sogndal berre kjøper, gidd eg ikkje å kommentere. Dette pisset fell på sin eigen urimelighet.
  12. Kva er det med Stabæk..? Svir det så jævlig at de tapte på Haugadn!? Bærums stolthet fekk seg vel ein saftig knekk.. Men å ta igjen på denne måten er direkte smaklaust! Arve Beheim Karlsen-saka er IKKJE noko å spøke med. Så enkelt er det. De kritiserar Sogndal for å mobbe dykk fordi de angivelig er pappagutar og mammadaltar, men greier i samme åndedrag å stigmatisere heile Sogndal ved å påstå at alle der er rasistar. Heilt forbanna genialt! Snakk om å feie for eigen "fjord".. Og kva er meint ved å trykke ut av seg at "Det er da en kjent sak at folk med annen hudfarge ikke har blitt tatt godt imot hos dere tidligere..."..? Kva i faen skal det bety? Om de hadde vore LITT oppegåande, så hadde de funne ut at dei to som er dømde for å ha utøvd rasisme og vold mot Arve Beheim IKKJE er frå Sogndal eller Sogn i det heile. Om de ser så stort på det, sidan det faktisk er meir enn 2 timars reisetid frå der "mordarane" bur til Sogndal, så er det faen meg mange i Berum si omegn som er rasistar! Makan til lavpanna gjeng.. I dei siste dagane har eg observert fleire "gullkorn" frå Bærums Stolthet, og ein kan begynne å lure på om de har eit kompleks. I så tilfelle får de ordne opp i sakene sjølv, og den beste måten de kan gjere det, er ved å vinne kampar. Ingen andre kan hjelpe Stabæk oppover på tabellen, men de i Stabæk Support drar jaggu meg med dykk laget ned i søla. Ser heldigvis at Tom Schelvan er mann nok til å ta avstand frå dette utspelet. Finn Alvarstein, derimot..
×
×
  • Opprett ny...