Gå til innhold

Anbefalte innlegg


Saftkokaradn invitere Stabæk Support til fotballvorspiel. Kopierer dette som leiar, Grautahåve, har skreve på www.saftkokaradn.com:

 

Lægreidspuben i timane før SIL – Stabæk!

 

Saftkokaradn inviterar til fotball-vorspiel på Lægreidspuben i timane før kampen mot Stabæk søndag 13. april. Puben opnar klokka 12.00, og me startar klokka 14.00 med underhaldninga. Kampstart er som vanleg klokka 18.00. Her blir det spelt Sogndal-sangar og me håpar jo at motstandarane har med seg eigen CD, slik at dei óg blir nøgde.

 

Me kjem til å køyre pubquiz og resultat-tipping på kampen, så her er det berre å møte opp. Pubquiz’en er gratis og me lagar til 5-mannslag. Så her kan kompisar lage eigne lag og svare på 25 spørsmål i alle slags kategoriar. Me har sjølvsagt ein del fotballspørsmål. Premien kjem me tilbake til her.

 

Resultat-tippinga føregår på den enkle måten å tippe resultatet i kampen. For å skilje dei med likt resultat, så tippar me òg på kva minutt det første målet kjem. Her kostar det 20 kroner for eit tips. Premien er ei signert Sogndal-drakt. Så møt opp på Puben etter kamp og få utlevert premien til stor applaus. Det kan hende det dukkar opp andre konkurransar også.

 

Nytt av året er at Saftkokaradn kjem til å kåre Dagens Sogndalspelar. Denne prisen blir utdelt ca. klokka 21.00. Premien vil vere ei Saftkokar drakt med ”Sogndals beste” på ryggen.

 

Då snakkast me på Puben 13.04.

 

Mvh. Vidar Vadseth

Leiar i Saftkokaradn

Lenke til innlegg
Del på andre sider


Er ikkje heilt sikker på kor lang tid det tar fra Bærum til Sogndal.

Men eg vil tru det tar ca. 6-7 timer med buss. Hører ikkje dette passelig ut?

 

Er det mange som er påmeldt da, Einar?

Rekner med at de kjem på Lægreidspuben.

Lenke til innlegg
Del på andre sider


Hvor mange blir dere i klacken da? Er det ikke sånn at dere står ved siden av oss i år siden det ble montert stoler på "Sogningen"? Hvor mye folk er det venta på kampen forresten? Kapasiteten er vel noe redusert siden i fjor(pga montering av seter), så blir vel uansett ikke plass til mer enn en 4000?

 

Einar

Lenke til innlegg
Del på andre sider


Vi har laga ei undergruppe som heiter Saftkokaradn Junior. Desse skal stå på venstre side av corner-flagget når du ser mot Sogningen-tribuna.

 

Saftkokaradn står på høgre side av cornerflagget når du står på Sogningen-tribuna, og ser bort til bortesupportarane.

 

Det er iallefall slik eg har forstått det.

Bilde finner du her:

http://home.no.net/cybro/upload/tribuna.JPG

 

Håper at det kommer 70-80 stk som står/synger med Saftkokaradn.

Ellers blir det ca. 50 stk som står med Saftkokaradn Junior.

 

Kapasiteten har gått litt ned, ja. Litt i overkant av 4000 er nok det plass til.

Men tviler på det kommer så mange. 3500 er vel kanskje lov å håpe på om det blir sol.

Lenke til innlegg
Del på andre sider


Ja. Skal til Sogndal jeg. Blir vel rundt 10 fra BOYS.

 

Nei, tror det bare blir en buss. Er såpass mange som reiser uorg.

 

Ja, blir bra med kamper igjen. Men hadde vært typisk med regn og 2 grader "varmt", 0-1 tap etter overkjøring av dere i 90. min, osv.. :wink:

 

Einar

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
Sogndal - Stabæk
×
×
  • Opprett ny...